søndag, april 03, 2016

Dagbok 2016: 3.april

Klokka er snart 20.00, merkeleg kor fort dagane forsvinn. Temperaturen ute er + 9 grader, max temp i dag var + 16 grader C. Det er overskya, men på føremiddagen var det litt sol.
Nils ville gå ein liten tur, men eg valde å vere heime og rake plenar. Plenen ovafor garasjen er no heilt utan snø, og snart vil den vere full av små, blå russestjerner (Scilla sibirica)  då kan vi ikkje rake før dei er avblomstra- og då er det tid for å klippe plenar også. Når ein mòkar med snøfresar  blir det med ein del singel. No var det ikkje gale akkurat her, men litt småstein var der.
Etter at eg var ferdig med rakinga begynte eg på middagen, i dag hadde vi nakkekotelettar, noko som smakte oss godt.
Elles har eg strikka ein del i dag, er ferdig med brotet på lest nr. to av garnet eg kjøpte i går. Det er designa av Arne og Carlos, men der var ikkje oppskrift, så eg trur dei har operert med eit anna masketal enn eg, for mønsteret mitt vart liksom ikkje akkurat som på bildet.
Etter at vi hadde ete middag, pausa litt og drukke kaffi, fann Nils ein fotballkamp og eg sette meg framfor datamaskina med strikketøy og høyrde lydbok. Og denne gongen har eg laga meg ei skikkelig rolleliste.
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget. Lenge sidan sist!

Det er vår i gata  no!

Raka litt på plenen nedanfor huset før helga, men måtte gi meg fort, for her poppar det opp krokus overalt, og dei vil eg ikkje øydelegge. Vi har ikkje så mykje snøklokkar, men her er no sorten.

Før helga ruska eg vekk alle gamle blomkarsestilkar etc. frå garasjeveggen og fylte på med mold. Denne bakken er særdeles våt, så vi ventar med å trakke her. Så snart det blir tørt nok må her rakast grundig for her ser det ikkje ut.

Det er kjekt med fine blomster på trappa, og no kan dei stå ute om natta.
Russeblåstjerne
Scilla sibirica. Russeblåstjerne

Ingen kommentarer: