fredag, april 01, 2016

Dagbok 2016: 1.april.

Klokka er ca 23.30, temperaturen er + 6 grader, så i natt droppar eg å ta inn plantane på trappa.
Det har ikkje hendt så mykje i dag, og i kveld har eg sett mykje TV, derfor blir det ikkje mykje å skrive om.
Det eg gjorde i dag føre middag var at eg rensa garasjeveggen for blomkarserestar, noko vi ikkje fekk gjort sist haust. Blomkarsen sår seg sjølv frå år til år, men eg fylte på ein sekk med mold. Elles klipte eg litt her og der av diverse busker, og smårydda litt.
Utpå ettermiddagen sette eg eg føre og høyrde resten av lydboka mi, på datamaskina, mens eg strikka. Så no lurer eg på kva bok eg skal prioritere.
Eg er nokså lei av krim, særleg krimbøker som kjem i seriar der ein skal hugse alle på politistasjonen frå bok til bok og engasjere seg i privatlivet deira. Det er nokså slitsomt. Dessutan synest eg at krimlitteaturen og ditto seriar på TV etter kvart blir nokså RÅ- for å seie det mildt. Kjem av og til på kva mamma sa om Agatha Christie sin bøker: "Der er det så koselege mord". Men det finst god krim av nyare dato, så det er sagt. Av dei bøkene eg har lagra er det berre ei som ikkje er krim, men den er på nærmare 20 CD-plater, det er i meste laget.
Fekk telefon frå Ingeborg i dag, ho bad om unnskyldning for at ho hadde lurt meg med aprilspøken sin.Men eg var no berre glad for at det var ein spøk.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...