mandag, april 25, 2016

Dagbok 2016: 25.april

Klokka nærmar seg 21.00. Temperaturen er + 6 grader C. Det har vore ein fin dag med mykje sol, men ingen varme. Nils var ute og gjekk ein liten tur f.m. men eg mosjonerte med støvsugaren inne. I dag tok eg fram de to relativt tunge sofaane og let dei byte plass, det er det eg kallar ommøblering.
Nils er redd han skal miste muskelkraft når han er så roleg, så no har eg lånt han manualane mine. Dei er pent brukt for å å seie det mildt. Så no kan han få trimme pilkemusklane mens han sit i reclineren.
Dagen i dag har gått veldig fort unna utan at altfor mykje er blitt gjort. I dag laga vi middag heime, spaghetti med bacon og tomatpure. Litt anna kosthald no når vi ikkje har så mykje fisk.
Nils har snakka mykje i telefonen i dag, eg har hatt berre ein samtale. I morgon skal to andre og eg besøke veninne nummer fire i Volda. Det har ikkje vore så mange veninnetreff i det siste.
No skin sola så fint i Melsbygda, der vi budde før, mens vi er i skuggen.
No skal eg lese ferdig boka mi, held på med siste plata.

I dag fyller svigerdottera vår 50 år, då er det berre Margrete som ikkje har kryssa den milepelen av barn og svigerbarn. Men 50-åringane er ungdommar i vår tid. Eg har veldig få bilde av Wenche, så eg har ikkje funne noko som høver å sette inn her.
Vi håper ho har hatt ein fin dag.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...