søndag, april 24, 2016

Dagbok 2016: 24.april.


Klokka har passert 19.00. Temperaturen er + 10 grader, men det verkar nokså kaldt ute.
Før middag i dag gjekk eg berre rundt og smårydda litt, las litt etc. Men søndag skal ver vere kviledag? Så då er det greitt.
Nils fekk lyst på kinamat i dag, men vi måtte vente til klokka 14.00, det er då dei opnar. Vi fekk herleg mat med mykje god smak , noko som vi begge likar. Vi reiste rett heim etterpå, og eg fekk så vidt redda gardinene som har hange på snora i nesten ei veke, før det kom ei gedigen snøbyge. Snøen forsvann etter kvart, og takk for det.
Den fine blomsterkorga eg fekk med Margrete til bursdagen står like fin enno, til tross for at den har stått ute både i regn og snø, men eg har tatt den inn dei fleste nettene. Sist natt var det minusgrader.
Vi hadde ein rest att av geburtsdagskaka mi, den gjekk med til kaffien i dag, det var faktisk på høg tid at den kom opp frå frysaren.
Etter kaffimåltiden har Nils sett TV og eg har lese i den finske boka eg begynte på i går. Eg les den sjølvsagt i norsk omsetjing. Likar språket, som er litt radikalt bokmål, med a-endingar og diftongar , som til dømes stein og bein i staden for sten og ben.Og så handlar den om sterke kvinner! Eg likar å lese boka fordi den er så annleis enn det eg vanlegvis les. Bokmelding kjem seinare.


Ingen kommentarer: