torsdag, april 21, 2016

Dagbok 2016: 21.april


Klokka er 19.00, temperaturen ute er +7 grader C, og det er framleis grått og vått. Men det er sjanse for at det også kan kome noko kvitt frå  skyene.
Denne dagen har eg gjort så å seie ingen ting.
Nils hadde avtale med ein annan lege i dag - ikkje fastlegen- klokka 11.00. Han forklarte problema sine, og ho skulle kontakte Åse sjukehus og snakke med legen som Nils  har der. Ho skulle ringe heim til oss etterpå. Då vart vi sittande og vente på det.  Då ho ringde vart vi beroliga, for det er vanleg med slike biverknader. Då vi var på Åse til samtale, sa dei at der ikkje var biverknader med denne behandlinga. Nils tok ein "kvalmetablett" i dag tidleg og har vore bra sidan. I dag har han fått i seg både mat og drikke, så no føler vi oss betre  - begge to.
Eg hadde kjøpt inn altfor mykje lettrømme som stod og vart for gammal, så eg prøvde å lage rømmegraut av den. Den blei ikkje som vanleg rømmegraut, for den skaut ikkje feitt, men det var eg budd på. Trudde ikkje denne retten var noko for kvalme folk, men Nils åt av den-han også. den smakte ganske bra.
Eg har strikka litt og lese i boka mi, men det har stort sett vore ein veldig tam dag. Eg presterte å somne på sofaen etter grauten.
Heldigvis avgjorde kommunestyret i Ørsta at den nye idrettshallen skal byggast på utstillingsplassen, noko som eg klappar for. Veit litt om korleis det er å vandre med ein flokk ungar frå barneskulen til ungdomsskulen for å ha gym - og no hadde dei tenkt å gjere vegen enda lenger.  Opprøret kom frå "grasrota" dvs. elevar og lærarar på barne-og ungdomsskulen. Vedtaket var einstemmig, så ein kvan må ha skifta meining sidan sist saka var oppe.
Det har vore lite bilde på bloggen i det siste, men det har heller ikkje vore mykjeå ta bilde av.

1 kommentar:

solveig sa...

Godt han har fått att appetitten! Trasig biverknad ...

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...