Klokka er 18.30, temperaturen er + 8 grader, det er overskya og regn innimellom. Surt, kaldt og vått med andre ord.
No har vi nettopp vore ein tur nedover; eg var innom apoteket og henta nokre tablettar som legen har skrive ut til Nils-for kvalme. Verken i går eller i dag har han fått i seg særleg mykje mat, det er no ein ting, verre at han ikkje har fått i seg nok drikke. Han skal eigentleg drikke mykje med den behandlinga han har. Han skal ned på legesenteret i morgon, i dag har han berre snakka med legen i telefonen. Nils ringde tidleg på føremiddagen, men legen ringde ikkje opp att før etter arbeidstid. Lukka er at han ikkje har vondt nokon stad. I dag har han lege nesten heile dagen. Betre det enn å sitte og sløve i ein stol.
Sidan han låg i senga fekk eg støvsuge og rydde på stova, så no er eg ferdig med "vekeprogrammet". Elles har eg lese og strikka, vaska håret etc. Har vaka gardinene og hengt ut, men kva tid eg kan ta dei inn att er eit ope spørsmål.
Det er ikkje så mykje å skrive om slik saka er no, vi ventar på betre og meir aktive dagar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar