fredag, april 22, 2016

Dagbok 2016: 22.april


Klokka har passert 21.00. Ute snøar det, og temperaturen er + 4 grader C. Vi vakna til ganske kvite marker i dag, men vegane var berre. Snøen smelta etter kvart, men no er det på an igjen.
Vi har hatt ein bra dag i dag, Nils har vore i bra form, så vi har til og med ete middag.
Før middag var vi ein tur på Amfi; Nils sat og prata med folk i kafeen mens eg handla. Eg prøvde å plukke med meg noko som kunne friste pasienten, men til middag hadde vi pølser som planlagt. Etter pausen sette eg meg inn på rommet mitt og strikka mens eg høyrde lydbok på datamaskina. No har eg berre vel ei plate att av "Mysterieavenyen"-som er på 16 plater. Så har eg ei enda lengre bok liggande, men til alt hell fekk eg melding frå biblio om ei anna bok som dei hadde lagt til sides til meg. Trur eg tek den først, den er på 6 plater. Og så er den finsk. LIkar å lese bøker frå ulike land.
Mens eg sat der med strikketøy og bok, ringde det på døra, og det var Solveig som kom på besøk og ville sjå med eigne auge korleis det stod til. Eg trur ho vart litt letta då ho såg at Nils var så bra.
No vil eg berre ønske alle ei god helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...