søndag, april 17, 2016

Dagbok 2016: 17.april

Klokka er 18.00. Temperaturen ute er +11 grader, men det er overskya, så det verkar kaldt. Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen. Vi har halde oss inne både i går og i dag. No har eg abstinens fordi eg ikkje har meir lestegarn, dvs. eg har litt restar av det mangefarga garnet, men eg må ha noko å supplere med. Det var så lett å strikke med det garnet, passe tjukt og glatt. Eg strikka ferdig det sjette lesteparet i dag og festa trådane.
Forutan å strikke og lese ferdig boka mi, har eg lese korrektur på avisinnlegget mitt og sendt det til redaksjonen. Det vart ca 820 ord denne gongen, men eg kunne ikkje korte inn meir. Det er to mnd. sidan sist eg skreiv, så det blir ein del orientering i tillegg til møtereferatet.
Nils har hatt dårleg appetitt i det siste, men i dag fekk han lyst på ertersuppe, så den mekka vi i fellesskap av slikt vi "fann" i frysar og kjøleskap. Trur ikkje vi hadde svolte i hel med det første om dei stengde butikkane nokre dagar. Suppa gjekk ned på høgkant
Det skjer ikkje all verda når vi går her og sosar, men eg kan no fortelje at naboane er blitt besteforeldre igjen. Sol Emilie har fått ei søster.
No har eg så vidt begynt på boka Mysterieavenyen av John Irving. Ser fram til å lese noko anna enn krim. Fekk melding frå biblio om at dei har lagt til side enda ei bok til meg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...