mandag, april 18, 2016

Dagbok 2016: 18.april

Klokka er 21.00, temperaturen ute er + 6 grader C, og det regnar. Det har det gjort i heile dag, men i morgon er det meldt betre vêr.
I dag før middag hengde eg opp sommargardinene på stova. Eigentleg likar eg best dei kvite "vintergardinene"-men forandring fryder uansett. Elles er det alltid litt å gjere i huset. 
Vi var ein tur nedover; eg skulle hente ei bok på biblio, og vi trong ein del mat. Blant anna måtte eg nytte rabattlappane på Coop. Trefte eit par veninner frå pensjonistlaget som eg prata med.
Til middag åt vi opp resten av suppa frå i går, og så vart det pause på sofaen.
Etter pausen shina eg opp kjøkkenet, det gjer eg ein gong i veka-eg har eit "vekeprogram" som eg går gjennon kvar veke, det er slutt på å gjere alt på ein dag som i gamle dagar.
Så rippa eg boka eg lånte i dag, den heiter "Den første sten" og har vore mykje omtalt. Det er ei dansk bok som handlar om krigen i Afghanistan. Boka har fått terningkast 6. Eg har lagt den inn på minnepenn til Solveig, Margrete fekk låne same boka i Volda i dag. Boka er på 18 CD-plater, og den eg held på med no er også lang, så det blir ei stund før eg får lese den.
Nils likar å sjå fotball på tidleg kveldstid, så då sit eg og strikkar og les.Har kjøpt meg litt garn på tilbod i dag, så eg får brukt opp garnrestane mine.
Men no lengtar vi etter betre vêr så vi kan få vere meir ute.

1 kommentar:

solveig sa...

Den boka gler eg meg til å lese!