lørdag, april 16, 2016

Dagbok 2016: 16.april

Scilla

Scilla sibirica

Klokka er 18.30. Temperaturen er + 12 grader C. No lysnar det ute, etter at det har vore nokså grått hittil i dag.
Etter ei relativt travel veke, har vi flata ut i dag. Nils er ikkje heilt i strøk, og då blir også eg litt daff. Men eg fekk no kladda referatet mitt før middag. Eg har som mål å halde meg rundt 700 ord, men denne gongen sprakk opplegget for det var så mykje som måtte med. Det er jo nesten to månader sidan sist eg skreiv, så eg håper dei finn plass i avisa.
Til middag leita vi opp nokre restar. Det er ikkje alt Nils har lyst på, så han må bestemme. Eg et rått og rote, så meg er det ikkje farleg med. Utpå dagen kvikna vi til. Eg har vaska og hengt ut klesvask og no har eg site og strikka og høyrt lydbok, mens Nils ser fotball på TV. Eg gløymde å ønske alle god helg i går; går litt surr i dagane, men så kan eg gjere det i dag: God helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...