fredag, april 15, 2016

Dagbok 2016: 15.april



Klokka er 18.45 og vi er nyss komne heim frå pensjonistmøtet. Temperaturen ute er + 9 grader og det er overskya. I løpet av dagen har det både snødd og regna.
Vi for nedover nokså tidleg i dag, henta songbøker m.m. på Bakk-Ola, og var på Amfi og handla før vi møtte på Kulturhuset til fastsett tid. Men så var der nokre som hadde stilt opp ekstra tidleg, så det var ikkje mykje arbeid som stod att.
Dermed fekk vi tid å lage oss middag. Kjøtkaker frå Gilde i saus frå Toro vart det i dag. Kjøtkakene var forresten gode. Vi fekk også tid til ein liten pause før vi reiste ned att i !5.30 tida. I dag hadde vi eit fantastisk flott program på møtet. 
Gunnar Wangen, ein lokal naturfotograf, viste nydelige bilde på storskjerm mens Jorun Marie Kvernberg spelte og song musikk som harmonerte med bilda. Ho er  profesjonell musikar, med folkemusikk som spesialområde. Ho har besøkt oss i pensjonistlaget før. Det var ei fantastisk oppleving.
Vi kom relativt tidleg heim att, og så blir det vel TV resten av kvelden. Litt rart å ha møte på ein fredagskveld, men så slepp eg å stresse med referatet-har heile helga på meg.
Jorunn Marie Kvernberg


I dag fyller barnebarnet Eirik 19 år. Vi gratulerer og håper at han frisknar til etter kvart.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...