torsdag, april 14, 2016

Dagbok 2016: 14.april

Klokka er snart halv ni, temperaturen er + 6 grader og i dag har det vore overskya, stort sett. Dvs. tidleg på morgonen var det fint, og det hadde frose på bilrutene om natta.
Vi hadde sett vekkerklokka på 6.30 i dag sidan vi skulle ta bussen som går frå Volda klokka 8.00. Sjølvsagt vakna vi før og stod opp.
Eg brukar å smørje meg inn med ein spesiell hudkrem i ansiktet. Huda mi toler den godt, men eg bør ikkje få den i augene. Akkurat det skjedde i dag! Tårene sila og sila og augene sveid. Eg prøvde med augedropar utan at det hjelpte, så eg måtte til slutt ta ein allergitablett. Etterkvart gav det seg, men eg såg ikkje ut! Derfor fann eg fram nokre solbriller med styrke som eg skjulte meg bak.
Det er veldig greitt for pensjonistar å reise med buss til sjukehuset, billeg er det også, og ein slepp å syte for noko. Eg heldt på å somne på turen, for ein blir trøtt av allergitablettar. Eg måtte tenke på alle som er plaga med med allergi, ikkje rart dei blir slitne.
Vi landa på kreft-poliklinikken, der dei som vanleg serverte kaffi og vaflar til alle som ville ha. Eg var ikkje svolten, men Nils både åt og drakk. Nils vart henta av ein sjukepleiar, og det var ho som styrte med behandlinga. Han fekk intravenøst saltvatn som var tilsett radioaktivt stoff. Eg vart kalla inn til orientering, det er ymse å ta omsyn til når det gjeld radioaktivitet. Eg kunne også få mat om eg ville. Utruleg god sørvis og hyggelege folk.
Då vi kom heim åt vi brødskiver og drakk kaffi. Men no i kveld ville Nils ha noko som likna på middag, det blei ein slags "Pasta carbonara".
Har fått tid til å strikke litt i dag også. I morgon er det pensjonistmøte, så då går mesteparten av dagen med.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...