onsdag, april 13, 2016

Dagbok 2016: 13.april

Klokka har passert 18.30, temperaturen er + 9 grader C og vi har hatt ein nydelig dag med sol frå klår himmel. Men sommar er det ikkje, for nordavinden er kald om dagen, og om natta frys det på. Det er heller ikkje særleg vokstervêr, men det er enno tidleg vår. 
I dag før middag mens eg vaska og styra inne gjorde Nils klar fòra og sådde sukkererter.Vi har brukt same hesa i mange år, men han grev bort molda og legg på ny kvart år.
Til middag hadde vi steikt sei, som vi har fått av kamerat Kjell, vi er framleis meir glade i fisk enn anna mat.
Etter middag sov vi middag på altanen, brøydde oss nede med teppe og dyner etc. så vi fraus ikkje. Fekk no sol i ansiktet om ikkje anna.Eg las ut siste resten på boka mi, og begynte på ei ny, men kva den handla om oppfatta eg lite av.
Etter ein kaffikopp gjekk eg ut og shina opp jordbæråkeren, fjerna visne blad etc. Det røynde på ryggen mens det stod på, men trur ikkje eg får varig mein. 
Nils rydda litt her og der, blant anna i garasjen. Så no kan vi slappe av med godt samvit. I morgon må vi tidleg opp, for vi skal ta 8-bussen til Åse sjukehus, der Nils skal begynne på behandlinga.



Ingen kommentarer: