lørdag, mars 26, 2016

Dagbok 2016: 26.mars


Klokka er 19.05, temperaturen er + 7 grader C. Det er overskya, med regn av og  til.
I dag har vi hatt besøk av heile storfamilien, dvs dei som bur her omkring. Eg hadde dekka til 12-men vi vart 13. Trivelig det.
Eg hadde invitert til smørbrød og kaker klokka 15.00, sidan somme har fleire jern i elden. Eg har ikkje bursdag i dag, men vi feira litt på førehand. Gåver fekk eg også. Solveig hadde laga solide gryteklutar, som ho visste eg ønska meg.Eg ønska meg også ei kakeform og den fekk eg-med kake i.
Med Margrete fekk eg blomster til å ha inne og ute. Dei store gutane hadde kjøpt lys, kaffi og serviettar. Ja, det er kjekt å få gåver sjølv om ein har alt ein treng.
Vi vaksne fekk ha storebordet for oss sjølve, mens dei unge fekk plass rundt salongbordet. Erlend som skal begynne på ungdomsskulen til hausten, er den yngste, men må vel reknast blant ungdommane. "Mat og prat" stod på menyen, som vanleg,og det heldt. Alltid mange tema som skal diskuterast.
No har vi rydda opp, fått på oppvaskmaskina, og det som ikkje fekk plass der, vaska eg opp for hand.
Så skal eg slappe av med lydbok og TV resten av kvelden.

3 kommentarer:

solveig sa...

Tusen takk for oss!

arieldog sa...

Tusen takk for oss òg!

Hildegard sa...

Kjekt med slike familesamkomer. I år kjem vi på "attepå" til deg. I dag skal Audny feire 51 år på forskot med dei i familien som er heime. Roleg påske på oss i år. Vi held oss heime og tek imot dropin-visittar.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...