Klokka er 18.00, temperaturen ute er +1 grad C. Det hadde snødd mykje sist natt, så fekk vi opplett før middag, og litt sol, før det sette i å lave ned igjen.
Nils og dei andre mannfolka mòka og fresa på timesvis. Leigebuarane skulle reise til Vigra for å ta fly til Litauen, så dei måtte få fram bilen. Torbjørn fresa både her og der. Sjølv spada eg fram trappa og kjellardøra. Snøen var våt og tung.
Eg hadde planar om ein tur til Vik i dag, men då det begynte å snø igjen, fann vi ut at bilen kunne få stå i ro.
Eg brukar å skrive om kva eg "gjer" om dagane, og i dag er det enkelt. Eg har stort sett gjort INGEN TING. Dvs. eg har site og strikka og høyrt lydbok, og det kan eg ikkje kalle arbeid.
Det kan hende eg skal ut og mòke igjen, men vi ventar i lengste laget.
I dag kokte Nils lange til middag. Eg sat og følgde med sola for å finne ut om ho kleiv over Melshornet, men akkurat i den mest kritiske augneblinken, kom der skyer. Om ho var vekke, var det i alle fall ikkje lenge, sikkert mindre enn ein time. Så om det blir klårvêr har vi snart sol heile dagen. Vindua såg fryktelige ut i sola, men det er ikkje så rart, det har vore mykje vêr i det siste. Og det ser ikkje ut til at det stabiliserer seg med det første.Ikkje så farleg for oss som ikkje skal på jobb om morgonen, men kan bruke heile dagen til snørydding om vi vil.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Vi og hadde kokt lange i dag. Det er ein av yndlingrettane mine!
Eg også er veldig glad i den retten.
Legg inn en kommentar