fredag, januar 29, 2016

Dagbok 2016: 29.januar.

 Klokka er ca 15.30, det regnar og blæs, men det er ikkje så gale, ikkje enno i alle fall. Temperaturen er + 6  grader C. Det var flo sjø ca kl. 14, så då ville vi ut på Rjåneset og sjå korleis der såg ut. Det var ikkje så veldig dramatisk, for vinden stod sikkert frå sør, og då blæs det ut fjorden. Men det regna kraftig, så det var vanskeleg å få tatt skikkelige bilde, På bildet over er det noko kvitt udefinerbart-
kan det vere Tor?

Vi køyrde opp til Ungdomssenteret for å ta nokre bilde frå oven. På det første bildet fekk eg med båten til kystvakta. Alle båtane i hamna flaut høgt og såg ut til å ha det bra. Inne i sentrum stod sjøen i høgde med dei gamle kaiane, men dei er ikkje lenger i bruk.
Vi var ein tur innom Amfi, deå kunne vi sjå at fjorden ikkje lenger var som eit stovegolv, så viden har vel snudd. No høyrer vi vindrossene også.


Før middag støvsuga eg og rydda litt i huset. Kjøpte ein rosa orkide i dag, så no er jula definitivt forbi, men vi har ei raud julestjerne som nektar å gi opp. 
No skal eg tømme oppvaskmaskina, og så skal eg lage Taco. Og så må eg ladde opp boka mi i tilfelle straumbrot. Ønsker alle ei god helg, med eller utan Tor. Håper vêret ikkje blir for gale.
(Men eg likar så godt vind, så lenge ikkje den gjer skade.)

1 kommentar:

Hildegard sa...

Her tok stormen skikkeleg og i fleire timar, var nok orkan i enkelte vindkast. Sjøgata vart stengd og Svein ordna med garasjeplass i Alleen til den nye Focus-bilen til Audny og Kristoffer sin vesle Hundai. Eg er alltid redd når det blæs kraftig, Dagmar sit nok i framleis. Audny hadde heimekontor i dag, tok ikkje sjansen på å at ferja vart innstilt. Ønskjer dokke begge god helg!
Eidabesta

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...