torsdag, januar 28, 2016

Dagbok 2016: 28.januar.

Klokka er no19.45. Temperaturen ute er + 3 grader. 
I dag vakna vi igjen til kvite marker, og somme fann ut at det måtte mòkast aldri så lite. 
Eg hadde skriving på programmet, så eg sette meg til så snart eg hadde rydda opp etter frokosten. Eg fekk i stand ein råkladd, men mangla nokre opplysningar så eg måtte kontakte Eli.(Ho ringde meg opp att seinare).
Marit ville at eg skulle komme opp ein tur, og det hadde eg god lyst til. Ho hinkar rundt på krykker for tida, så eg har ikkje fått snakka så mykje med henne.
Vi prata og drakk kaffi aldri så lenge og fekk lufta både nytt og gammalt-vi har kjent kvarandre sidan vi gjekk i samme klasse på gymnas, så vi har alltid mykje å snakke om. Og ingen kan skulde meg for å reke rundt i kaffislabberas i tide og utide!
Då eg kom ned att laga Nils og eg middag. I dag vart det svineribbe frå nyttårsafta med brun saus og surkål til. Det smakte godt og vi vart godt mette. No trur eg ikkje vi har fleire julerestar.
Etter ein kort sofapause har eg omarbeidd manuset mitt aldri så lite, så no trur eg at eg let det gå luftvegen til avisa. Det er no ikkje akkurat ei eksamensoppgåve, og eg risikerer ikkje å misse jobben. Trur eg.


2 kommentarer:

solveig sa...

Bidet er frå i dag, ja! Vi har ikkje fått ny snø.

Besta sa...

Ja, bildet er nytt for dagen i dag sånn ca kl.12-13.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...