lørdag, januar 16, 2016

Dagbok 2016: 16.januar

Klokka er no 15.30. temperaturen er minus 3 grader C og snøen lavar ned. 
Då vi stod opp i dag var det nesten klårt og sola klatra fort nedetter fjellsida. Og for første gong i år skein ho inn i stova i ca 5 minutt frå klokka 10.50. 
I dag var det så fint at til og med eg fekk lyst ut og då eg foreslo ein tur til Rjåneset, var Nils straks med på det. Han hadde eit ærend også. Men etter som vi køyrde utover tjukna det til i lufta og etter kvart kom det litt snø. Eg gjekk min vanlege tur på stigen, men i dag vassa eg i snø. Friskt og godt var det i alle fall, sjølv om det både snødde og bles. Båten ligg no på gamleplassen sin, og er meir forsikra enn nokon gong.




Litt rart å tenke på at sist sommar sat vi her og sveitta og drakk kaffi, og Nils bada.
Etter turen var vi innom Amfi og prata med folk, trefte mange kjende.. Det einaste eg kjøpte i dag var ei krukke med ribbekrydder på apoteket til halv pris. Nils kjøpte nokre skrapelodd i går og på dei vann han 175 kr. Han spurde meg om han skulle ta ut pengane eller kjøpe lodd for heile beløpet. Eg sa som så at om du har 175 kr eller ikkje, betyr ikkje så mykje, viss du kjøper lodd har du i alle fall spenninga. Han høyrde på meg, og no har han 25 kr att.
Då vi kom heim steikte vi sei til middag, og no blir det pause med lydbok for min del, mens Nils ser sport på TV.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...