fredag, januar 01, 2016
Bok nr.1 - 2016: Søtaste solbæra
Denne signerte boka fekk vi av Øystein til jul. Han har ikkje skrive den sjølv. Boka handlar om korleis ein liten gut i Vanylven opplever krigen. Boka er oppdelt i små forteljingar, så ein kan lese og legge bort og ta att boka. Eg har eit par fortellingar att. Boka er lettlesen, og sidan forfattaren berre er nokre få år eldre enn eg, blir eg lett påmint om korleis eg opplevde krigen. Vi hadde tyske soldatar nær huset vi budde i, men guten i boka fekk dei heilt inn i huset.Her er ingen særleg vonde opplevingar, berre småpussige episodar, noko som viser at foreldra til guten ikkje på nokon måte skræmde han med tyskarane, og at dei tyske soldatane ikkje gjorde han noko vondt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar