mandag, november 30, 2015

Dagbok 2015: 30.november

Klokka er ca 17.00, temperaturen er + 2 grader C, og det har kome eit lag me våt snø eller kanskje heller "slaps". Det er mørkt ute og vi har nettopp drukke kaffi. Nils held på å gjere seg klar til møte i SV-dei skal halde til i Aasen-tunet.
Så snart som jula begynner å nærme seg, får eg det over meg at eg skal "gjere " så mykje. I dag sette eg i gang å steike krumkaker t.d. , men det var ikkje bra for meg. Det gjekk bra heilt til eg var ferdig, så svikta ryggen. Men eg fekk no lagt i hop to maskiner med klede og stroke nokre av dei.
Nils varma suppa frå i går og vi greidde å få i oss alt, med litt strev.
Då eg stod opp frå sofaen, hadde eg fått skikkelig verk i hofta og ryggen, så no konkluderer eg med at småkakebakst blir det ikkje meir av. Det går fint an å kjøpe litt. Runde kaker er ein ferdig med når ein har fått dei i omnen, så det er noko anna. Litt irriterande å bli "dårlig" no når eg har vore bra så lenge, har til og med strikka litt innimellom.
Ja, det er ikkje for å syte eg beklager meg, men eg føler eg må forklare kvifor eg ikkje er så "flink" lenger. Og så er det så mykje eg har lyst å gjere.
No kom det føre meg ei strofe frå diktet "Køya mi" av Jakob Sande, der står det:


"- då går tanken med vemod attende 
til den tid då eg sov på ein sekk.
Men då livsmod i bringa mi brende,
så eg skreik og slo rundkast på dekk".


SÅ sprek har eg vel aldri vore, men det er ei tid for alt. For alle.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg synest du er sprek på din måte!

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...