onsdag, november 25, 2015

Dagbok 2015: 25.november

Klokka er 17.00. Temperaturen ute er + 1 grad C. I dag har det variert mellom regn, sludd og snø-ja, til og med eit lite streif av sol har vi hatt.
No har Nils og eg nettopp ete middag, steikt sei i dag. Nils har vore på eit lite møte i valnemnda for pensjonistlaget, dei skal prøve å stable på beina eit nytt styre i februar, men det er ikkje lett. Anten er folk for gamle til å ta på seg verv, eller dei er for unge til å vere i lag med oss gamle.
Eg har vore relativt flittig i dag. Eg vaska grundig på bad og kjøkken, strauk og hengde opp julegardiner på kjøkkenet etc. Då Nils for på møte tok eg fram støvsugaren og for over alle teppegolva. Og ei stund etter at han kom heim steikte eg fisk.
Noko anna enn husarbeid har eg ikkje styrt med i dag, julekaker har eg ikkje baka og ikkje har eg kjøpt ei einaste julegåve enno. Men så skriv vi framleis november, då. Kan ikkje bli heilt hysterisk heller. Men jammen er eg glad for at eg fekk vaska vindua i går, for i dag hadde ikkje det gått.
Nils går og kikar inn på yr.no i håp om at det skal bli fiskevêr. Aberet er at når han er vekke kjem eg meg ikkje nokon stad. Då må eg i tilfelle kontakte venninner eller leige taxi. Han plar no forresten ikkje vere vekke så lenge om gongen.
No skal eg begynne på ei ny lydbok, håper den er litt mindre grusom enn den eg har lese siste dagane.
I dag gratulerer vi Harald med 75-årsdagen!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...