tirsdag, oktober 27, 2015

Dagbok 2015: 27.oktober

Klokka er ca 17.30, temperaturen ute er + 10 grader C. Det har vore ein fin dag; sol før middag, lettskya på ettermiddagen. No er det mørkt.
I dag hadde vi diverse ærend. Først leverte eg bøker på biblio her, og så tok vi ein tur til Volda, der eg leverte bøker, kjøpte genser og blomster. Vi bestemte oss for å ikkje handle på Amfi, men stikke innom Kiwi på Vallabøen, og det gjorde vi. Men først var eg fram på Øvre Mo og gratulerte ei veninne som hadde bursdag i går.
Då vi kom heim var eg forundra over at klokka ikkje var meir enn vel 13. Så eg tok ei lita runde i nabolaget og knipsa nokre bilde.
Middagen i dag var enkel, Pizza Grandiosa. Vi hadde fisk i går.
La meg på sofaen etter middag, var ikkje trøtt men somna likevel. Slik er det berre når ein les lydbok.
Førre veka passa eg på å ikkje sitte mykje, og då vart eg så bra.Så vart det sitting i Fosnavågen, og i går strikka eg ferdig ein lest, så i dag har eg ikkje vore bra.
No har Nils plukka inn dei siste epla frå treet vårt, og vi har pressa dei til jus. Det skal mykje eple til for å få 1 liter jus, men i staden for å kaste epla, kan vi drikke dei.
I morgon skal Nils og Matias ut og fiske, og eg må skrive eit lite avisinnlegg, så dagen er planlagt.
I dag er det ein kar på Eid som fyller år, og vi gratulerer !


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...