onsdag, oktober 21, 2015

Dagbok 2015: 21.oktober


Klokka er 16.00. Temperaturen ute er ca +12 grader C, det regnar og blæs, men lauvet på plommetrea heng fast og er like grønt. Eg veit ikkje om det er vêret si skuld, men eg er ikkje i så god form i dag som eg var i går.
Nils tok altså sin tredje tur til Volda i dag, og no har han fått sprøyta; det er eigentleg ein ampull med medisin som ligg under huda og gir i frå seg litt etter litt.
Mens han var vekke fekk eg støvsuga alle teppegolva,  så steikte eg kotelettar og sette i steikomnen. Det vart ein tidleg og god middag i dag, og så fekk eg legge meg på sofaen med pledd over den låke "foten".
No driv vi og kokar grønerterstuing av 5 pakkar erter, då har vi ei god stund. Vi har kjøpt oss plastbeger på Clas som vi kan ta rett frå frysaren og varme i mikroen. Særleg Nils er veldig glad i grøne erter og serverer dei til det meste.Når vi er ferdig med rotet skal eg vaske "rundt" på bord og benker.
Elles har det ikkje skjedd så mykje sidan i går, anna at eg har fått melding frå biblio om tre nye bøker som dei har lagt av til meg. No driv eg og les  "Bienes historie"- ei bok som er svært aktuell for tida. Men det blir ikkje lese så mykje kvar dag. Ein av grunnane er at eg har lagt vekk strikketøyet for ei stund, blir låk i ryggen når eg strikkar for mykje, og så er det vondt å sitte. Ja, det dukkar opp diverse plager med alderen. Er spent på korleis det går på konserten laurdag-mykje sitting når ein skal sitte i bil fram og tilbake i tillegg. Ja, det finst no "dop".
Det er ikkje ofte det blæs her, og eg har lyst ut i vinden. "Eg likar blæs", som ho sa Ingeborg, då ho var lita.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...