tirsdag, oktober 20, 2015

Dagbok 2015: 20.oktober

Klokka er ca 17.45, temperaturen + 9,4 grader C. Det er overskya med litt regn av og til. Men eg har vore inne i heile dag, og her går eg  nokonlunde tørrskodd. Vi har nettopp ete middag, i dag vart det steikt sei -det er ei stund sidan sist vi hadde det.
I dag stod vi rimeleg tidleg opp, begge to, og for ein gongs skuld synest eg at eg har fått gjort mykje. Når eg er bra  i form og ikkje verker har eg mykje oppspart energi.
Nils skulle til Volda å få den sprøyta han ikkje fekk i går. Han måtte vente lenge både her og der, men då han endeleg slapp til gjekk det gale, sprøytespissen knakk i dag også. Det må no vere noko gale med dei sprøytene frå fabrikken si side. Så no lyt han bort att i morgon også.
Mens han var vekke baka eg brød, vaska dusjkabinettet (Nils måtte ta nedste delen då han kom heim, for eg kan ikje bøye meg så mykje) vaska og rydda kjøleskapet m.m. Eg er i skikkelig ryddemodus for tida, så etter at vi hadde ete lunsj og kvilt litt rydda eg kontorplassen min. Eg kasta papir og diverse datagreier blant anna. I går tok eg eit par skuffer på kveldstid, det kjem eg ikkje til å gjere i dag. No skal eg berre legge i hop ein klesvask, så skal eg slappe av. Vil ikkje risikere å bli liggande i morgon.
Torsdag skal eg til frisøren og klippe meg, og laurdag er det konsert i Fosnavåg.
Det var nesten eit sjokk då det gjekk opp for meg at vi er komne til 20 oktober- det er snart eit år sidan vi var i Kongsberg. For eksempel.

1 kommentar:

solveig sa...

Dei må no kunne ha nokre spissar på lager!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...