lørdag, oktober 10, 2015

Dagbok 2015: 10.oktober



Denne orkideen har stått like fin i vekesvis. Det er andre gongen den blomstrar. Trur det må vere ein av dei vakraste orkideane vi har hatt.

Klokka er 22.00 og temperaturen ute er + 6 grader C. Det har vore ein fin, lettskya dag med ein god del sol. I dag har eg ikkje gått tur med Charlie, for å seie det slik.
Men vi var på biltur. Hadde diverse ærend. Vi skal levere inn bilen i morgon kveld, den skal på sørvis på mandag. Litt bakvendt at verkstaden har flytta heilt bort til flyplassen, men Nils får fri til ein av naboane, så får han nok skyss.
Vi var inn på el-kjøp og såg på ventilatorar, den vi har er litt skranglete.
Så var vi innom Møbelringen og snakka med Eirik.
Til slutt handla vi mat og medisin på Amfi.
Middagen i dag blei karbonadar frå frysaren og hamburgerbrød.
Eg vart liggande på sofaen og lese i boka mi, og no har eg berre eit par spor att. Problemet då er at eg ikkkje har noko å begynne på. Men eg har papirbøker.
I dag fekk Charlie sjå att Julie som han vart kjend med i går. Charlie er ein veldig snill og lydig hund. Han gjekk laus opp på vegen i lag med Julie, men kom då eg ropte på han. Ja, han går ikkje laus åleine, Nils var der og passa han.
I dag har eg gjort tre jobbar: steikt karbonadar, lagt i hop ein klesvask og tømt oppvaskmaskina........Sindre Finnes har vel hatt full jobb i huset?
Synest det er kjekt med Stjernekamp, men alle er så flinke at det er vanskeleg å spå kven som blir vinnaren. Etter at Martin gjekk ut, heiar eg på Trine Rein-det gjer vel Lars Monsen også. No må eg følge litt med på Lindmo også.
I kveld har det vore TV for alle pengane.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...