lørdag, juli 25, 2015

Dagbok 2015: 25.juli

                                           Morgon.
Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 19 grader C, det er delvis sol, men det kjem meir skyer etter kvart.
Då vi stod opp i dag var det strålande sol, men asfalten var våt. Og det såg ut som det skulle komme fleire byger; det har det ikkje gjort. Det har vore ein fin dag, men ikkje så veldig varmt.
Før middag tok vi ein tur til Volda, for vi har snakka om ein ny stålampe. Problemet er at dei helst er i stål, pluss svart og kvitt. Når nesten alt vi har er messing passar det dårleg. Vi (dvs.eg) hadde lyst på ein slik som er moderne no, sånn med tre skjermar. Det er smått med lampebutikkar rundt omkring, men vi visste om ein i Volda, og prøvde der. Og der hadde dei både det eine og det andre, blant anna børsta messing, slik vi har frå før. Dessutan godt utval i skjermar, så viss fargane vi tok ut vart feil, kunne vi berre kome og byte. Det er mann og kone som driv butikken, og eg vil skryte både av utvalet og sørvisen. Det er så få spesialforretningar att, og derfor er det ikkje mange som har så godt utval. Butikken ligg ved sidan av Møre konfeksjon - om nokon er interessert. Vi har ikkje montert lampen enno, så eg har ikkje bilde.

På El-kjøp i Ørsta kjøpte eg meg takke, så no har eg tenkt å lære meg å lage svele, som ei avveksling for vaflar.Dette har eg tenkt på lenge, men no tykte eg ventetida var over.
Vi handla på Kiwi, for då var vêret blitt så fint at vi ville heim. Og det til tross for at det var mykje liv og røre i gågata i dag. Etter lunsj sola vi oss på altanen, seinare klipte Nils plenar, det må gjerast ofte når han klipper bio.Eg var ikkje i form til å klippe i dag. Eg låg på altanen og las lydbok, prøver å bli ferdig med boka, men det går trått. Dessutan går det ikkje å lese lydbok når alle grasklipparane er i sving.
No har vi ete spekemat med potetsalat og poteter etc. Måtte ete opp den italienske skinka før den tørka ut.No står det kaffi på menyen, og på altanen står det eit bord fullt av kopar og messing som ventar på puss...... trur det står trygt.
                                                     Kveld.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...