fredag, juli 24, 2015

Dagbok 2015: 24.juli

Fiskekameraten.

Klokka er snart 18.00, temperaturen er +12 grader, det er overskya og regnbyger.
Dagen starta fint med sol og blå himmel.Og eg skulle støvsuge og vaske til helga! - Nils måtte ut og fiske! Han har enno ikkje fått makrell.
I dag var det eit reelt behov for skikkeleg reingjering, så eg gjekk i gang med friskt mot. Men plutseleg oppdaga eg at det regna ute, og kjøkkenteppet måtte bergast inn.
All kopar og messingpynten hadde eg bore ut på altanen for at eg skulle pusse den seinare. "Juksepussinga" med sitronsyre og Zalo funkar ikkje i lengda. No er det berre å håpe på at skjora stikk av med alt i hop i løpet av natta.
Eg var akkurat ferdig å vaske då Nils kom heim med eit par fine seiar og nokre småseiar som han har egna resten av lina med.No er den klar.
Vi tok ein rask lunsj og eg måtte legge meg på sofaen for å komme meg til att i ryggen. Held på med ei heilt teit bok, som eg somna ifrå fleire gonger.
No har vi ete middag, ikkje fisk i dag heller, men spaghetti med bacon og tomatpure. Første gongen vi åt den retten var hos nokre naboar på Raudeberg.Vi har det av og til, og det er uforskamma godt. For å vere litt "sunne" brukar vi alltid fullkornspasta. Ærleg talt veit eg ikkje kor mykje grovt der er i den.
I går starta hundedagane, og slikt vêr som det er den dagen skal det vere i tre veker.
Ønsker alle ei fin helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...