onsdag, mai 06, 2015

Dagbok 2015: 6.mai

                   No er det like før plommetrea blomstrar.

Klokka er snart halv seks. Temperaturen ute er +16 grader C. Det er lettskya, og sol av og til. Ein slik fin dag skulle ein sjølvsagt ha vore ute - i hagen eller ein annan stad, for å nyte finevêret. Men her sit vi inne for det meste og pleiar forkjølinga vår. Nils var nedover f.m. og fekk tak i hostesaft, så no ser eg ei von om å bli bra.
Før middag fekk eg gjort ein heil del kontorarbeid. Skreiv eit lite avisinnlegg og så skreiv eg og trykte eg opp eit par songar som vi skal ha på møtet tysdag. Då skal vi ha program om Evert Taube, og vi skal ha allsong- på svensk, som er litt meir styr med når ein skal skrive på data, med svenske æ-ar og ø-ar.( Derfor tok det litt tid.)
Til middag hadde vi steikt lyr. Det var godt, men eg likar no seien best, uansett. Det blei ei lang stund på sofaen etterpå, med Knut Hamsun på øyret.Eg har begynt på "Segelfoss by" no.
I morgon er det styremøte.
Og så håper eg på friske, fine dagar framover, for no klør eg litt i fingrane etter å plante og så i hagen. Nils har no begynt med litt hagearbeid, men i dag var han ikkje så frisk han heller.
I dag kan vi gratulere Stein Inge på Eid og Lise i Stryn med fødselsdagen deira.
Kvite kuleprimula.

Denne primulaen har blomstra i heile vinter.

Tulipanane blomstrar nedanfor tilbygget.

Blomsterkorga eg fekk til bursdagen min har stått ute nesten heile tida. Dei kvite perleblomstrane er avblomstra, men stemorsblomstrane veks og fyller ut i korga.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 13.mai

Det var eigentleg ikkje dette bilde eg skulle ha i dag, det liknar veldig på det eg hadde i går,men litt har det skjedd. Eg har til dømes kl...