Klokka slo nettopp fem slag. Temperaturen ute er + 17 grader C. Det har vore sol heile dagen, men no har det skya over. Nils skal koke pølser og poteter til middag, eg sit stort sett med papirlommetøkle under nasen, men eg reknar med å bli frisk ganske snart. Eg er litt sår i halsen, men hostar ikkje så mykje. Har ikkje medisin i hus, så eg får prøve naturmetoden, denne gongen.
Nils for på sjøen klokka 8.00 og fekk ein bra fangst. Denne gongen var det så å seie berre lyr. Den er god å steike og til fiskemat. Han hadde med seg ein annan gemlis, og han fekk like mykje.
Eg prøvde å få gjort litt kontorarbeid mens eg var her åleine, men ingen av dei eg skulle ha tak i tek telefonen, så dei kan vere over alle haugar. Tok meg på tak og fjerna mange gamle skriv frå datamaskina, kanskje det er bra?
Eg oppdaga at vi var nesten lens for brød, så eg fekk sett ein brøddeig før Nils kom heim.
Etter lunsj la eg meg ut på solsenga og las i sola. Eg veit at ein ikkkje skal sole seg når ein er forkjøla, men ein må no nyte sola mens ho er her.Eg kosar meg med Hamsun for tida. For ein stilist han var!
I dag skulle eg eigentlig vore på Fru Svendsen og feira ei 90 år gammal kollegaveninne, men kunne no ikkje sitte der og snufse, og kanskje smitte både den eine og den andre.
I morgon skal eg skrive førehandsomtale til møtet på tysdag. Og fredag er det Verdas aktivitetsdag på Bakkola. Ja, sjølve dagen er no den 10. , men Bakkola har stengt både laurdag og sundag. Det er 3.året dei har eit slikt arrangement, og det har vore kjekt å vere med. Men no veit eg ikkje korleis det blir denne gongen-om eg blir frisk nok.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
dagbok 21024:27.januar
Klokka er no17.13, temperaturen ute er +5 grader C,og i år har vi ei veldig grøn jul. Det er i grunnen greitt for meg,men når eg ser ut på...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar