Klokka er 17.00.Temperaturen ute er + 15 , tidlegare i dag var den over 16 grader. Skal seie vinden kjentest annleis i dag enn i går! Likevel har eg gått inne heile dagen, med sår hals og rennande nase. Ja, eg veit at det er ein bagatell og eg veit at det går over, men det er veldig kipt når det står på. Nils var nokså elendig i går, noko han kunne røpe i dag, men i dag har han vore i fullt arbeid ute.
Først mol han opp nokre kvister på den eletriske kverna og sidan han hadde lagt ut ledning, klipte han graset i bakken med det same. Det var blitt ganske langt, og så var det fullt av engkarse der, som det var best å få vekk før den fekk etablert seg skikkelig.I dei andre plenstykka er det restar etter avblomstra plantar som må få stå litt lenger og godgjere seg.
Mens han rydda ute, rydda eg inne. Vaska litt, hengde opp klede etc. etc.
Og så kokte eg ein stor porsjon med nydelig fiskesuppe, om eg skal seie det sjølv, som vi åt opp til ein relativt tidleg middag.
Avslapping på sofa og recliner er eit must etter slik mat.
No har eg diverse anna å styre med både ute og inne, viss eg orkar.
Kom brått i hug at eg gløymde å gratulere søskenbarnet mitt med dagen 1. mai. At det går an! Håper du ikkje tek det ille opp, Kjell, men får du deg konto på FB, får du gratulasjonar nok.Eg har blitt så van med at eg blir påmint der, at eg har visst slutta å tenke sjølv. Bjørka er ikkje heilt utsprotta enno her i Ørsta, men no blir det vel litt meir fart i sakene.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag
Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar