fredag, mars 13, 2015

Dagbok 2015: 13.mars

Klokka er 17.15, temperaturen er + 10 grader C og det har vore nydelig vêr i heile dag. Litt vind kjøler ned, men det gjer ikkje så mykje.
Eg støvsuga teppegolva i dag, og vaska og hengde ut ei maskin med klede, det er alt eg har gjort.
Mykje av dagen har eg lege rett ut på solsenga, men puter, teppe og dyne etc. og lese i lydboka mi. Har vore mykje plaga med smerter i rygg, hofte, kne osb. så eg ville prøve varmebehandling. Det gjorde i alle fall godt å få sol og vind i eit vinterbleikt ansikt.
Nils fekk på plass resten av veden, og så gikk han og Torbjørn tur. Det gjeld å gripe dagen mens vi har den.Motivet på bildet over er velkjent, det er berre for å vise kor fint vi har det i dag. Krokusane var meir utsprotne i dag og veldig fine. Ingen blomster blir vel meir sett pris på enn dei som kjem først.
Det er fredag den 13. i dag, men hittil har det ikkje skjedd noko dramatisk.
                   No vil eg berre ønske alle ei god helg.


2 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med fornya sertifikat!

Besta sa...

Takk for det. No manglar eg berre ein LITEN bil.

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...