torsdag, mars 12, 2015

Dagbok 2015: 12.mars

Klokka er 16.30, og temperaturen ute er + 9 grader C. Det både bles og regna sist natt, men då morgonen kom skein det opp og vi har hatt fint vêr i dag, ikkje heilt klårt, men mykje sol.
Dagen starta med legebesøk, der eg raskt vart godkjend for sertifikat i tre år til. Etterpå var vi på biltilsynet og "bestilte" nytt sertifikat.Lurte på å stikke innom Opel og kjøpe meg bil, sidan vi var i området. Det vart ikkje noko av, men vi var nær El-kjøp også så det blei til at vi kjøpte ny mus til laptoppen. I går måtte eg ta den som er på den stasjonære maskina og kople den til. No kjøpte eg ny trådlaus.
Vi var også på Felleskjøpet og handla hønsegjødsel som vi skal ha på blomsterbeddet nedanfor garasjen, i håp om at kattane vil halde seg vekke og ikkje grave opp løkane. Det er mykje å tenkje på når våren er i kjømda. Heldigvis klipte vi ned alle stauder etc. sist haust, så vi slepp det no.
Då vi kom heim var det mange naboar ute i gata, så vi vart ståande og gåande og prate med dei ei god stund før vi var inn og fekk oss lunsj.
Har gjort lite til nytte i dag, fekk litt av ei verkenatt etter gårsdagen, så eg måtte ta det med ro i dag. Er bra no.
Nils har styrt med ved, og på slutten var eg ut og hjelpte til med kløyvinga, så no er alt oppkløyvt, men ikkje alt er kome sekker. Ca 25 sekker er ferdig lagra og så blir det nokre til.
Til middag i dag trur eg vi leitar fram ein pizza frå frysaren sidan vi ikkje har planlagt noko anna.
Eirik har tatt teoriprøva til sertifikatet i dag, og neste mnd. fyller han 18 år, så då blir det å køyre opp. Han har køyrt mykje både med foreldra og bestefedrane, så han stiller sterkt.
 Det poppar opp løkvekstar overalt for tida. Krokusane er i blomst.
Denne primulaen har blomstra i heile vinter til tross for at han ser litt sjaber ut.

1 kommentar:

solveig sa...

Godt de besto
Begge to

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...