Dette blir truleg det siste amaryllisbildet for denne gongen. Av dei fire eg kjøpte, står no tre og blomstrar på den andre stilken, den tredje står framleis i knopp. På første stilken hadde planten på bildet 4 blomster, men på stilk nr. 2 kom den med seks.
Klokka er no ca 15.30, og vi har nettopp ete middag. I dag vart det steikt sei! Vi har det same fine vêret som i går, og temperaturen er 0 grader C. Stort finare kan ikkje vinteren vere.
Før middag i dag shina eg opp kjøkkenet, så shina eg opp meg sjølv; vaska håret og bytte på meg respektable klede. Så vart det ein tur på Amfi. Har ikkje vore ute for ei dør sidan torsdag i førrre veka, så no er eg spent på om eg får mein av utfarten i dag.
Det var ikkje så mykje vi skulle handle, men så treffer ein mange som ein kjenner og pratar med dei. Å ha eit kjøpesenter som Amfi, er å ha ein "møteplass" -slik er det med den saken. Mange pensjonistar er innom nesten kvar dag, og mange sit i kafeen og pratar med kvarandre. Eg synest det er fint.
No skal eg ha ein pause på sofaen og lese ferdig Hoem si bok. Den nærmar seg slutten.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar