søndag, november 23, 2014

Dagbok 2014: 23.november




Klokka er 14.10, temperaturen ute er + 6,6 grader C og det regnar. At det vart vêrbyte og vått kjende eg tydelig på "gikta" i går, og enda meir i dag. Nils ville ha seg ein trimtur, eg kunne ikkje vere med, dessutan er det ikkje mykje trim i å gå i lag med meg.
Eg har nokre 14 år gamle gardiner, som eg hadde på stova her i 10 år før eg kjøpte nye. No har eg gått over til å bruke dei nye om sommaren, men når det lid mot jul vil eg ha dei gamle, mykje fordi dei er så nøytrale. Då dei var nye var dei ecru-farga, og så lange at eg måtte ha ein 30 cm høg fald nede. Etter kvar vask har dei krympa og blitt lysare, no er dei nesten kvite, og hele falden er lagt ned. Enda når dei ikkje til golvet, slik dei gjorde i utgangspunktet.
I dag har eg stroke alle dei seks lengdene og hengt dei opp, og aldri har gardinene vore finare. Til tross for at dei er ganske tjukke og tette verkar det lysare i rommet enn med dei lette sommargardinene. Dette har eg styrt med mens Nils har gått tur og sett fotball. Men eg likar å stryke, for då kan eg ha lydbok på øyret.
No i pausen driv Nils og lagar middag. Han lagar lapskaus etter sin eigen smak, og det kan eg ikkje nekte han. Den blir som regel veldig god.
Måtte ta dukane inn frå snora og putte dei i trommelen, så får eg meir å stryke.
Det er mykje som skjer rundtomkring for tida, men vi likar oss godt heime når det er vått og mørkt ute.
Ingen har fått mål i kampen enno, så det spøker for både ekstraomgangar og det som verre er. For to år sidan var Nils og Hareidskarane på cup-finalen, Nils reiste til Oslo, frå Kongsberg, og vart vekke heile dagen og langt utover kvelden. Eg synest det er greitt å vite kven som vinn, resten er det ikkje nøye med.

3 kommentarer:

solveig sa...

Dei kvite gardinene er fine! Mykje av det ein kjøper no, er av heller dårlig kvalitet.
Her har det gått i lekser i dag!

Hildegard sa...

"Gjenbruk" er blitt populært iflg. media. Folk handlar kvalitet og reparerer. Vi har for få skomakerar og andre fagfolk. Her er vi så heldige å ha ei dyktig skomakerdame i sentrum. Ho reparerer bl.a. glidelås i jakker der vanlege symaskiner må melde pass. Hjelper også kunder nord om grensa, fortel ho.

Besta sa...

Ja, eg veit om folk herfrå som reiser til skomakaren på Eid. Gardinene mine var dyre i innkjøp, men dei er verdt sin pris, når dei varer så lenge. Når ein skiftar mellom sommar og vintergardiner, får ein den variasjonen ein treng.Ein kan ikkje følgje alle motelune i vår alder.

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...