lørdag, november 22, 2014

Dagbok 2014: 22. november

Klokka er 19.10. Temperaturen ute er MINUS 1,2 grader C og vi må erkjenne at vinteren er på veg.Det har vore fint vêr i dag også, og sola var så vidt innom ein snartur ca klokka 10.30, då eg tok desse bilda frå altanen.

I dag har vi vore på rek igjen. Kan ikkje sette seg til inne heile helga. Ikkje når det skjer så mykje. Vi er ikkje så hyra på å ta ut på kveldstid, men basar på Kulturhuset laurdag før middag er heller ikkje å forakte. Det er nesten som å vere på pensjonist-møte.
Vi fann oss plass ved eit bord med andre pensjonistar og kjøpte kake og kaffi. I staden for årar eller andre lodd, kjøpte Nils ein haug med tombolalodd, og det mangla ikkje på gevinstar.
Ei av pensjonistane ved bordet vårt, er over 90 år, men klar som blekk.Dessutan høyrer og ser ho godt. Ho har vore enke i mange år, heilt sidan eg hadde dottera som elev for 40 år sidan.(Ho var der også). Men sjølv om ho bur åleine lagar ho seg middag kvar dag, og det er ikkje snakk om Fjordland. Ho lagar all mat frå grunnen av!Så har ho noko å gjere den stunda. Og så et ho mykje fisk. Ikkje så gale å vere 90 når ein er så oppegåande.

Etter at vi hadde raska med oss eit heilt plastnett med gevinstar, var vi ein tur på Amfi og handla litt mat; det var ikkje så mykje vi trong. Også der trefte vi kjentfolk, så no har vi vore nok sosiale for i dag. Heime hadde vi fiskegrateng att frå torsdag, så det gjekk fort å lage middag. Og så vart det kaffi og avslapping.
Nils har prøvd å ringe bror sin fleire gongar utan å få svar, han fyller nemlig 73 år i dag. Vi gratulerer!

Det er dårlig klestørk i kulden, men det blir vel ei råd.
Under ser de gevinstane. Boka "Syklubben" inneheld også matoppskrifter. Sying er ikkje eine av hobbyane mine. Lengst til venstre på bildet ligg to pakkar med lefser som medlemmer i revmatikarlaget har baka, dei har vi kjøpt, ikkje vunne.
No skal vi snart sjå programmet "Då KORK kom til bygda". Det er frå Ørsta. Og vi får sjå vesle Eirik dirigere orkesteret. Eirik er ein habil pianist på 9 år. Far hans er ein av mine tidlegare kollegaer, no jobbar han som kateket.

2 kommentarer:

solveig sa...

Artig å sjå programmet - og så brakk han staven ...

Besta sa...

Ja, stakkars Eirik. Han er ein artig gut. Snakka med faren seinast i dag.Han er 9 år no, og har spelt på pensjonistmøte. Bestemora er pianist-pianilærar, ho har også vore i pensjonistmøte.Elles kan du lese om avisa til Eirik på FB. Han har Ein eldre bror og ei søster, men dei gjer ikkje så mykje utav seg.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...