torsdag, september 18, 2014

Meir om turen: Dag 2.


Den tida eg budde på Eid gjekk det båt til Bergen alle dagar, med unntak av måndag. Vi gjekk om bord i 16-17 tida om ettermiddagen, og var i Bergen neste morgon. Båten stoppa i Måløy, Askvoll og Florø. Eg har vore i Askvoll før, men berre på gjennomreise med båten "Sunnfjord". Det hende at ein gjekk i land ei lita stund mens båten låg ved kaia. Derfor måtte vi finne den gamle kaia, den er ikkje i bruk lenger. No er det snøggbåtar som trafikkerer strekninga. Rett ut for Askvoll ligg ei stor øy som heiter Atløy, det går ferje dit, men den går ikkje ofte. Utanfor Atløy ligg Alden (Norskehesten), Værlandet og Bulandet.


I Holmedal er der ein knivfabrikk (Hella)- og dei har eit fabrikkutsal. Nils måtte inn og kjøpe ein filetkniv.

Så køyrde vi innover på nordsida av Dalsfjorden.Det er ikkje så lenge sidan Dalsfjordbrua vart ferdig og Askvoll vart landfast. Før gjekk det visstnok ei ferje over fjorden.Vegen gjekk no inn i ein tunnel, og brått var vi på brua -rett over brua var det ein ny tunnel, då var vi på sørsida av fjorden, og vi kunne køyre beine vegen til Førde. Det gjorde vi sjølvsagt ikkje. Vi måtte svinge bortom Bygstad og sjå fjellet Storehesten - 1209 meter over havet.Går ein over heia innanfor fjellet, kjem ein til Solheimsdalen

Så køyrde vi frå Bygstad mot Førde, og vegen var god. I Førde stoppa vi ikkje, men køyrde vidare til Naustdal.Då eg var i Solheimsdalen høyrde vi til Naustdal kommune, og Naustdal var kommunesenteret. Vegen dit gjekk med melkebåten. Eg var ein gong med til kyrkje. Då var det konfirmasjon og dåp. Yngste systra til Jorunn vart døypt og den nest eldste vart konfirmert same dagen.
Eg var litt kjend i Naustdal den tida, men alt er annleis i dag, der også.
Vi vart verande ei stund i Naustdal, for eg oppdaga ein fantastisk park midt i sentrum. Der låg ei lita øy  eit lite stykke frå land, og ut til den var det laga ei bru. Der var badeflåte og "stupetårn" i dammen, og ute på øya var det to store stålskulpturar, ei ku og ei budeie.

Eg legg ut mange bilde frå parken, i tilfelle nokon skulle få ide til noko liknande.





Nils fann seg eit stødig bord, men maten mangla.







(Desse to siste bilda er frå ein fin turistbrosjyre som vi fekk på hotellet)
Apropos slagord......

Frå Naustdal køyrde vi inn i ein 6 km lang tunnel i retning Florø. Det gjekk oppover heile tida, så vi var komne opp på heia då vi igjen såg dagens lys. Ved Storebru tok vi av frå hovudvegen og køyrde mot Hyen. Til tross for at eg er nordfjording har eg aldri vore i den bygda før. Vi køyrde langs det eine vatnet føre og det andre etter, vi fann oss ein stad der vi rasta og åt av nistematen vår. Då Nils skulle koke kaffi, hadde han ikkje kaffikjelen med, men han kokte kaffi i ei panne, og det vart heilt flott. Då han skulle rygge ut, høyrde vi ein ekkel skrapande lyt; til all lykke var det berre kroken som kom bort i ein stein. Der var utrulig vakkert her oppe i høgda, men vegen ned til sjølve bygda, var både smal og kronglete. Det vart eit par bråbremsingar, men det gjekk bra.


Eg var letta då vi kom ned til sjøen igjen. Vêret var vakkert, og bygda var vakker, men eg ville aldri budd mellom så høge fjell. Nils fiska litt frå kaia mens vi pausa. Eg tok bilde.

Eg fann ein nydelig park med benkar og bord. Men kven var mannen på steinen? Jau, sjølvaste Columbus. Då kom eg på ei historie om at han ætta frå Hyen. Var det ikkje eit program med Linda Eide?



Fine hagar i Hyen. der er sikkert lunt og varmt om sommaren.

Så køyrde vi på fin veg langs fjorden, til Hestnesøyra, Rygg og Sandane. Mens vi venta på ferja på Anda tok eg bilde av det nye ferjeleiet, den nye ferjekaia og heksemonumentet.







Når eg skriv så mykje om denne vesle turen vår, er det for å vise at ein kan sjå og oppleve mykje om ein ikkje reiser så langt. Denne sommaren har vi ikkje vore på langtur, men køyrt omkring i vårt eige fylke og ikkje minst nabofylket. Vi har hatt mange fine turar i nydelig vêr.

1 kommentar:

solveig sa...

Interessant å lese! God ide til kortreist tur!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...