Klokka nærmar seg 21, og vi har nettopp ete noko som liknar på middag. Temperaturen har gått kraftig ned, no er det berre +25 grader ute. Tidlegare i dag var tempen oppe i +33 grader. Lenge sidan sist det var så varmt i Ørsta, trur eg.
Stakkars Nils som måtte berge all fisken, men han kom i mål! No er alt trygt forvart i frysar og kjøleskap. I tillegg har han fått slått plenen på nedsida av huset.
Eg starta dagen smertefri og ved godt mod. Først strekte eg på sengetøyet, så det skal vere klart når Kongsberg-gjengen kjem. Deretter tok eg ei økt i hagen. Og då var det gjort. Forma svikta igjen.
Var ein liten tur nedover på biblio og på Kiwi.
Orka ikkje å ligge på altanen i dag, men det kom nokre lette skyer og vind, så då fekk eg vere ute. Låg på solsenga og las ut boka mi.
Då det leid mot kveld vaska eg eit par golv. Det er herlig med varme, men det kjem som regel litt brått på. I dag trudde eg vi skulle få ei byge, men det gjorde vi ikkje. I dag har vi ete bringebær frå eigen hage, og snart kan vi hauste sukkererter også.
I morgon skal vi inn til Margrete og helse på Charlie, blant anna. Kor mange fødselsdagar vi skal feire, veit eg ikke.
Rasmus og familien er komne fram til Sunne, der er det også eit "LAND"-trur det heitte Vattenland.
Ja, desse badelanda er noko ungane likar, trur eg. Eg skulle hatt lyst å dyppa meg i salt sjø, men det toget er visst gått.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.juli
Regn kvar dag Klokka erno 16.27, temperaturen ute er +10 C,og det regnar både titt og of...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar