Klokka er akkurat 24.00, temperaturen ute er + 14 grader og skodda kjem sigande.
Det var skodde heile føremiddagen også, og det passa meg bra, for eg skulle lage fiskekaker, og det gjorde eg. Det er så mange som tel kakene når dei lagar fiskemat, så i dag gjorde eg det også. Og talet vart 64 - store kaker. Før laga eg mykje meir når eg først var i gang, men eg synest fiskekaker taper seg fort i frysaren, så eg vil heller lage oftare.
Sola kom fram etter kvart, og vi fekk oss ei stund på altanen før det var på tide å fare inn til Margrete, vi køyrde rundt fjorden begge vegar, til tross for at det tek lenger tid enn om ein tek ferja.
Heile Solveig sin familie kom også, så det var berre Ingeborg som mangla. Det er sjeldan vi er samla alle no når barnebarna er blitt meir om mindre vaksne.
Forutan folka fekk vi møte vesle Charlie som er ein Shetland sheepdog. Han var forresten veldig søt.
Margrete hadde laga masse deilig mat. Det var ein gryterett med oksekjøt, og all slags tilbehør. Til dessert var det kaker og kaffi. Solveig kom med bløtkake og Margrete hadde laga Pavlova. Og eg hadde ikkje laga noko-denne gongen.
Vi hadde ei kjekk stund i lag, og så blir det vel eit nytt treff når Rasmus kjem om eit par dagar. Håper berre at finevêret vil vare.
De finn bilde frå feiringa på Solveig og Margrete sine bloggar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 23.april
Klokka er no 18.48 , temperaturen ute er +7 graderC, det er overskya og skodde langt nedetter fjellsidene. dette er ikkje slikt ver som...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar