Klokka nærmar seg 20.00, og ein fotballkamp nærmar seg slutten. Ute er det skya, opplett og + 24 grader. Max temperatur i dag var + 28 grader. Litt i meste laget, når ein av ymse grunnar må gå varmt kledd.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag. Vi var ein snartur nedover og handla tidleg på føremiddagen, etter den tid har eg vore heime, men Nils hadde seg ein tur på Rjåneset etter middag.
Eg laga Taco til middag i dag, og etterpå vart det middagskvil på altanen, men då sola kom fram, så vidt det var, vart det for heitt å ligge der, særlig i svart bukse!
Då Nils for ut for å fiske, tok eg meg saman og strauk ein haug med klede, og fekk hengt opp reine gardiner på kjellarrommet som eg vaska i går. Det er ikkje ofte eg sveittar, men i dag var det like før.Berga også inn kleda som hang til tørk ute då det kom nokre få regndropar; det blir vel meir til natta.
Fekk melding frå Margrete og ungane, dei var framme på Pers hotell på Gol der dei skal vere til i morgon. Då reiser dei til Kongsberg, og mandag skal dei hente hunden Charlie i Holmestrand.
Neste veke blir det truleg "samling" hos Margrete, då skal dei fleste i familien vere heime.
Bilda viser Kongsberggutane i Skandinavisk dyrepark i Lalandia.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.juli
Regn kvar dag Klokka erno 16.27, temperaturen ute er +10 C,og det regnar både titt og of...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar