fredag, juli 04, 2014

Dagbok 2014: 4.juli

Klokka er snart 20.00, temperaturen er +18 grader. Det har vore overskya i heile dag, men veldig lite regn. Temperaturen har lagt rundt +20 grader.
Nils skulle klippe seg i dag, så han for til Vik tidlig på dag, men frisøren hadde stengt. Vi vart ståande ute i vegen og prate med naboane heilt til det blei tid for lunsj.
Då fekk eg eit anfall av energi, så eg gjekk ned i kellaren og vaska det soverommet vi har der. Brukte mopp og vaska tak, vegger og golv. Det var ikkje så lenge gjort. Men etterpå måtte eg ligge på sofaen og lese. Nils for bort å terminalen og fiska med stong, men fekk ingen ting.
Etterpå kokte han poteter og vi åt spekemat. Eg plukka jordbær til dessert.
Slik kan ein dag arte seg i pensjonistheimen. No har Nils teke seg ein tur for å fiske igjen ! Og eg les siste kapitla av boka. Eg bloggar om alle bøkene eg les, slik at eg kan slå opp på bloggen om eg lurer på noko.
Ønsker alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 22.januar

Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...