lørdag, juni 07, 2014
Dagbok 2014: 7.juni
Klokka er ca 18.30. Temperaturen er + 19,5 grader C. I heile dag har det vore delvis skya, og vind. Ganske passelig temperatur å vere ute i. Litt skodde var det først på dag, såpass eg fekk tatt meg på tak og strauk ein haug med klede før eg gikk ut i hagen og styrte litt. Flytta nokre plantar, vatna etc.
Vi fann ut at vi MÅTTE finne på noko, så etter ei brødskive og ein kaffikopp skulle vi køyre på Standalseidet. Men så fann eg ut at vi heller kunne ta ein tur til Sæbø, og det gjorde vi. Vi visste ikkje at det var "Sæbødagane", og vi var heller ikkje interessert i det som gjekk for seg.
Vi var meir interessere i brød, det kjøper eg alltid når vi er der borte. Var innom Nilsbuda og kika også, der var mykje fint handarbeid å få kjøpt, men ingen ting eg hadde bruk for. Det vi kjøpte på butikken (Bellingen) var kvar si flaske Cola som vi drakk opp mens vi gikk bort til hotellet og tilbake. Det var mange småbåtar som hadde ankra opp i hamna nedafor hotellet. Det var fint i Hjørundfjorden i dag, men der blæs kraftig, mykje meir enn her i Ørsta.
Vi køyrde Melsvegen heim, handla litt på Kiwi og så var det rett heim og legge seg på solsenga. Eg høyrde opp att siste plata av boka mi, utan at eg vart særlig klokare av det.Etter ei stund på altanen, fann eg fram grauten som stod i steikomnen og vi åt middag: Graut og spekemat. Leigebuarane grillar på plenen. Her i Ø er det vanlig å brenne bål på pinsafta, og eg lære i si tid av lensmann Riise at pinsebålet skulle loge, mens jonsokbålet skulle ryke. Vi driv ikkje med verken grilling eller bålbrenning, er kjedelige slik.
Margrete ringde meg på mobilen frå Hennebygda og ville vite kvar Rødberg var, ho hadde fått så lyst å sjå dit opp etter å ha lese Bodil sin blogg. Matias, far til Isak, morfaren min, budde der ei tid i sin ungdom. Når ein køyrer Panoramavegen står der skilt som peikar opp til garden, så det er lett å finne fram. Vi var ikkje opp den dagen vi køyrde den vegen.
Bøndene på Sæbø har kjøpt seg nyare traktorar no.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 20 24: 3.mai
Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Men hadde de gått inn på arrangementet kunne de m.a. sett utstillinga Brixi Schultze hadde der i dag - ho er dottera til krigesflygaren Wolfgang Kindt som vart nedskoten 16.2.45 og gravlagt under ein flypropellveng nær inngangen til kyrkja på Sæbø. Ho har skrive interessant bok om saka.Nils er jo interessert i krigshistorie? Elles var de m.a ei flott fotoutstilling me har laga til for sogelaget m.m. Eg skulle gjerne ha vore der, men fekk heldigvis møte Brixi torsdagkvelden.
Ja, det var sikkert dumt å ikkje gå inn, men vi var ikkje klar over kva som gikk føre seg. Av og til les vi visst avisa litt for dårleg.
Legg inn en kommentar