Klokka er snart 20.00, temperaturen er + 12,5 grader C, det har vore lettskya og ein del sol i løpet av dagen.
Nils reiste på sjøen tidlig, og var tilbake i 10-tida. Fangsten var ikkje så stor i dag heller, men nokre fine seiar fekk han. Han var åleine i båten i dag.
Mens han var vekke fekk eg baka brød og vaska golv m.m. før eg shina meg opp sidan vi skulle på møte.
Møtet varte frå ca.12-13.30. Sidan vi held møta på biblio, nytta eg høvet til å finne meg ei ny bok. Denne gongen kom eg heim med boka "Når gjøken galer" av forfattaren til Harry Potter-bøkene. Krim sjølvsagt.
Eg sat og rippa boka, mens eg las i ei papirbok, og Nils klipte plen. Vi åt litt lunsj med det same vi kom heim, og no har vi nettopp ete middag. Fersk, kokt sei, sjølvsagt. I dag kjenner eg at våren er komen tilbake og at eg har kledd for godt på meg. Kanskje blir det ein liten tur ut i kveldinga? (Med bok på øyret? )
No trur eg vi er bra trygge for nattefrost, så vi kan begynne å plante i kasser og krukker.Kanskje ein liten tur på plantasjen i morgon?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar