Klokka er ca 20.40, temperaturen ute er +7 grader C og det har vore ein fin dag med mykje sol. Varmt har det ikkje vore, så vi har ikkje lege på altanen og sola oss akkurat.
Vi gikk ei tur før middag, og då trefte vi att dei vi var på kafe med i går, og gjekk i lag med dei eit stykke. Vi kunne ikkje vere så lenge vekke, for Nils hadde avtalt med ein nabo å vere med å sjøsette båten han har kjøpt. Ein annan nabo skulle drage båtvogna. Båten måtte settast på sjøen på Rjåneset, for så å leggast til ro på Lianeset.På Rjåneset er eit skikkelig "drag" der ein lett kan legge ut eller drage inn båtar. Mens Nils var vekke, nytta eg høvet til å lese i lydboka mi, det har ikkje blitt lese så mykje siste dagane.
Middagen i dag var lettvint, restar frå fredag! Smakte minst like godt i dag. Aberet var at det blei litt for lang middagskvild etterpå.
Men så vakna B-mennesket omsider, og eg fekk gjort litt av kvart i huset. Tok til og med på meg forkle for å ha ein lomme til iPod-en og boka mi.
I morgon skal både Nils og eg på styremøte i pensjonistlaget, for han er vararepresentant. Eg skal kanskje på møte tysdag også, for eg har representert pensjonistlaget i gruppa som førebur Aktivitetsdagen som vi skal ha fredag.Viss vi no får fint vêr blir det også noko å henge fingrane i ute.Nok å ta seg til.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar