søndag, juni 02, 2013

Dagbok 2013: 2.juni,

Klokka er snart 19.00. I dag har det regna heile dagen, men Nils meiner det skal bli opplett i morgon. Temperaturen ute er knapt 10+-grader.
I grunnen var det greitt med ein innedag i dag, for vi har vore mykje på rek siste veka- og elles vore ute det meste av tida. Eg starta dagen friskt med full opprydding og vask av kjøleskap. Så laga eg tidlig middag, i dag vart det " Kylling Tikka Masala". Relativt lettvint etter som eg brukte ferdigkokt hønsekjøt frå frysaren+ ein "sausepakke". Risen koka eg på vanlig måte, i mikroen. Måtte nesten le av meg sjølv, for i går forkynte eg overfor naboar at eg lagar (nesten) all mat frå grunnen av-.  Det gjer eg vanligvis, men så har eg ein eller annan gong kjøpt den posen, og måtte bruke den opp. Heilt grei smak, men ikkje så sterk som eg likar den.
Etter middag somna eg på sofaen med lydbok, men fekk lese ferdig siste plata etterpå. Så skulle eg rippe boka som eg fann på biblio i går, men fann ut at den hadde eg lese før. Knausgård fekk eg ikkje til å legge over på MP3 så eg las litt av den mens eg sat her og rota på maskina. For tida går det i "Grublenett". Eg har klart å lære meg alle statane i USA og alle landa i Europa og Afrika, så no har eg starta på Asia. Hjernetrim (og multitasking) for gamle haud!
Eg ville gå ein tur rundt omkring i nabolaget, så eg fann heldigvis ei bok på maskina som eg ikkje har lese ferdig, no begynte eg på den for tredje gong. Eg må ha MP3- spelaren i lomma og ledingar i øyra når eg går tur åleine. Eg høyrer fuglane uansett, om nokon skulle lure.
Vikeelva var stor i dag, så det er tydelig at det har kome mykje nedbør.Det er nokre dagar sidan eg gikk runda mi, og det var store forandringar på lauv, gras og hageplantar sidan sist.
Rosa er eigentlig Amanda si, dansarane får kvar si etter første framsyninga.Vi sette den i vatn her og eg gløymde å sende den med heim.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Det er ok med litt regvêr innimellom, men litt synd at det kjem i helga når mange har fri frå jobb.

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. kvit jul er det i alle fall...