
Ella Beene er lykkelig. Hun har en mann som elsker henne og to stebarn som forguder henne. I tre år har barna ikke hatt en annen mor enn henne. Alt er idyll – inntil Joe dør og etterlater henne en forretning som er sterkt forgjeldet, og barnas mor Paige dukker opp.
Denne boka "fann" eg på datamaskina mi, men kan ikkje hugse å ha lånt den. Meiner at Solveig har lese den, men kan ikkje finne den på bloggen hennar.Det MÅ vere ho som har lagt den inn.
Det mest interessante med boka, er problemstillinga: Kva rett har ei stemor til barna når faren dør? Elles er boka veldig "amerikansk", og alt går bra til slutt. Boka er ikkje noko mesterverk etter mi meining, men den går godt an å lese dei 6 CD-platene.På nettet har den fått god kritikk.
Det som er litt artig å få vite er at også italienarar vart internerte i leirar i USA etter 2. verdenskrig, ikkje berre japanarar og tyskarar
4 kommentarer:
Eg har ikkje lese boka, meiner eg.
Då må eg ha lånt boka sjølv, lagt den inn og gløymt den. Mystisk.
Då må eg ha lånt boka sjølv, lagt den inn og gløymt den. Mystisk.
Ikkje så veldig mystisk i mine øyre. Eg har diverse liggande. Noko ligg på vent, for eg trur eg skal lese ei anna av same forfattar først.
Legg inn en kommentar