mandag, juni 03, 2013

Dagbok 2013: 3.juni

Klokka er no ca 19.00, temperaturen ute er + 15 grader C, det er lettskya og opplett. Så fint vêr var det ikkje då vi tok 9.30-ferja frå Volda. Då regna det, men Nils hadde sett på yr.no at det skulle vere bra vêr i dag, så vi rekna med at det berre var ei byge. Det var det for så vidt, men ikkje den einaste. Men hadde vi først tatt ferja over, så måtte vi jobbe.
Tussa har vore og saga ned tre under linja rett ovafor huset til Margrete, og ho har fått lov av grunneigaren å ta så mykje til ved som ho treng. Der var m.a. to stor bjørker som låg lagelig til for hogg. Nils demonterte den første i dag. Han saga den opp i kubbar som han trilla ned til huset. Bakken er mykje brattare enn den ser ut på bildet.
Eg kløyvde dei kubbane som let seg kløyve på kløyvaren, og hadde veden i sekker. Dei største kubbane står att, han må nok til både med kilar of kløyveøks på dei. Treet har lagt litt for lenge; heilt nysaga tre er mykje lettare å kløyve.
Vi likar dette arbeidet, men det er slitsomt for Nils, som skal både sage og bere.Kjekt å halde på ute i alle fall.
Då vi kom heim kvilte vi litt før eg skulle lage middag. Var litt inspirert av Margrete sin søndagsmiddag. Hadde brun saus i pakkar+ ferdigkjøpte kjøttkaker i frysaren. Den brune sausen var av merket First Price-og ikkje god. Kjøttkakene veit eg ikkje kven som hadde laga, gode var dei i alle fall ikkje, så dei fekk NIls ha for seg sjølv. Eg hadde heldigvis nokre karbonadar frå Gilde som var fullt brukbare. Aldri så gale det ikkje er godt for noko, fekk i alle fall rydda i frysaren.

 
Med utsikt til E 39

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Fine bilder du har tatt, og det ser ut til å vere meir enn nok skog i området, så de blir ikkje arbeidslause.

Besta sa...

Det er meir enn nok skog dei fleste stader, og eg synest godt fleire grunneigarar kunne lete folk få ta gratis ved mot å rydde pent opp. Vi har berre tatt av den skogen som alt er felt, elles hadde den kanskje berre blitt liggande å rotne.EI stor bjørk gir mykje ved.

arieldog sa...

Heilt einig i vurderinga di om grunneigarar. Bøndene sjølve tek gjerne ned nokre få, flotte bjørker, men let den irriterande ora bli ståande. Det er der flåtten trivst aller best.

Besta sa...

Viss du ser midt på bildet øvst på bloggen min, så står der ei røde med or, som vi har tenkt å felle, då kjem der kanskje meir sol ned "skaret".

solveig sa...

De er bra flinke! Det trengs verkeleg opprydding langs vegane rundt om.

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. kvit jul er det i alle fall...