Det første eg gjorde i dag var å støvsuge alle teppegolva. Etterpå var eg ute i hagen og jobba ei stund. Vi laga beddet ved garasjen smalare, for to år sidan laga vi det breiare, men etter kvart kjenner ein si begrenseing.Til denne tid har eg berre planta sommarblomster der, så får eg sjå kva det blir til. Der som ikkje lenger skal vere bed, skal vi så grasfrø. Eg grov opp seks døde rosetre frå "gamlebeddet", så eg trur knapt vi satsar på roser igjen.
Nils var også bort til naboen og hjelpte han med å sage sund ein stubbe.Og husmora serverte mat og kaffi.
Vi hadde tidlig middag, og i dag hadde vi skikkelig mat, nemlig seibiff. Min absolutte livrett!
Etter middag sløva vi ei stund, før vi sette i gang med hagearbeid igjen. Eg rensa ugrasog slo med kantklippar blant anna. Nils drog opp to døde sypressar med rot, så i morgon tek han vel fram kverna og mel opp det meste av dei.Og så lødde han opp veden han kløvde i går kveld.
Vi har noko å henge fingrane i støtt, denne tida, forstår ikkje korleis vi hadde tid og energi til å gå på jobb før i tida. Men det er herlig å få jobbe ute når vêret er så høvelig som i dag. Ikkje regn, ikkje kaldt og ikkje varmt.
Vakre kantblomster i naboens bed.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar