Morgon.
Klokka er 20.00. Det er lettskya og fint ute no, og det har vore mykje sol etter middag. På føremiddagen var det overskya. Temperaturen på trappa er +19 grader C. Sommar!!!!!Det var godt arbeidsver frå morgonen av, så Nils sette i gang å demontere sypressane han drog opp i går kveld. Han klipte av og mol greinene, stammane blir ved.
Eg styrte også litt i hagen, reinska ugras til dømes.
Sidan vi måtte ein liten tur nedover og handle, måtte eg shine meg opp og vaske håret mellom anna, ein blir litt skiten av hagearbeid.
Vi var på jakt etter ny kjede til motorsaga, og sidan vi ikkje fekk tak i på Eik-senteret måtte vi på AK Maskiner på Rystelandet. Bomtur det også, men sidan vi var på dei kantar, køyrde vi opp til Tilseth i Furene og kjøpte nokre plantar.
Og sidan vi nærma oss Volda, foreslo eg middag på Kinarestauranten der. Der var det "ballj-dag" i dag; her i Ørsta et ein ballj berre på torsdagar, noko anna er nesten syndig. Men vi skulle ha Kina-mat og det fekk vi, både godt og rikelig. Ballj kan vi ete heime.
Men eg hadde laga dessert før vi for heimafrå; hadde kokt sesongens første rabarbragrøt- så den åt vi då vi kom heim. Etterpå la vi oss på altanen og sov middag, for då var sola framme. Det kom nokre regndropar så pass vi kom oss på beina att og ut i hagen. No var det planting og vatning. Og prat med naboar. Ja, Nils fekk ein liten sagejobb i dag også. Pensjonistlivet er ikkje så verst, det.
Kveld.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar