lørdag, mai 11, 2013

Dagbok 2013: 11.mai

Klokka nærmar seg 18.30. Ute er det regn og grått. Temperaturen er + 10 grader. Det er heilt uvirkelig at det sist onsdag var sommar, sol og +24 grader C. Men slik er vêret her, heilt ubereknelig.
I dag då eg vakna, var Nils vekk, og eg fann ein lapp om at han var på sjøen, men skulle kome heim klokka 10.15 ca. Eg fekk ete frokost, lese avisa og gjort diverse i huset før han kom, med bra fangst denne gongen også, ein lyr og resten sei.Vi har heldigvis nokre naboar som likar småsei, slik at han slepp å filetere småfisk.Tok berre unna det vi skulle ha til middag.
Vi skulle ha nokre småting på butikken, så det blei ein tur nedover i dag også. Kunne tenkt oss ein tur på kafe, men på Adam var det tomt, på Føniks var det fullt, og på Fru Svendsen var der eit arrangement, så det frista ikkje. Kafeen på Amfi fristar i alle fall ikkje, der er det stappfullt. Trur vi må til å arrangere treff med venner og kjende, for viss vi skal sitte åleine på kafe, kan vi like godt sitte heime og sjå på kvarandre.
Eg gikk ein tur rundt Storebakken mens Nils kokte middag; det å koke fisk er noko eg ikkje er betrudd å gjere. Då eg stod opp i dag, var hælen heilt fin, etter "Strafferunda" var den vond. Ryggen var heller ikkje god. Det må vere gikt, kanskje.
Vi hadde oss ein god middagslur etter all fisken , og så blir det vel TV-kveld.
Er framleis litt sur for at ikkje Eirik vann Idol, trur det var fleire som tenkte som eg -at han var ein sikker vinnar-og så stemte dei ikkje.Ja,ja, hanklarer seg nok godt med 2.plass.
Så vil eg gjere merksam på at eg veit at der skal vere aksent aigu over e-en i kafe, men maskina vil ikkje lage den verken her eller på FB. På mail derimot er det ikkje problem.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Kjekt at Nils får fisk,og vi er så heldige at vi får ferdige filetar med han,blir reint bortskjemd.I dag hadde vi Bergensk Fiskesuppe med masse seibitar i - nydeleg.Tusen takk!

dagbok 21024:27.januar

  Klokka er no17.13, temperaturen ute er +5 grader C,og i år har vi ei veldig grøn jul. Det er i grunnen greitt for meg,men når eg ser ut på...