Klokka er snart 19.00, ute er det overskya, stort sett opphaldsvêr og +13 grader C. Det er det ein kallar godt arbeidsvêr.
I dag før middag støvsuga eg først teppegolva og så for vi på shopping. I dag skulle vi prøve å få tak i jordbærplantar til den nyrestaurerte åkeren+ litt å pynte opp med i vinduskasser og på trappa. Det greidde vi bra-trur eg. Vi har funne ut kvifor alle plantane i jordbæråkeren døde, der var nemlig fullt av maur under duken, særlig der vi hadde lagt skiferheller for å halde duken på plass. No har han greve opp åkeren og tatt vekk steinane, i tillegg til at maurdrepemiddel er innkjøpt.No i ettermiddag har han planta heile åkeren på nytt. HAN er sjølvsagt Nils.
Eg har pussa kjøkkenvindua på begge sider, det må gjerast før vi heng opp kassene. Til pottene på trappa kjøpte eg tre margerittar, og så har vi sett ut gullbusken som vi fekk til gullbryllaupet, den har overvintra i kjellaren.Til slutt moppa eg over golva. Då skulle vi vere klar til å halde helg. Eg har ikkje gått anna tur i dag anna enn i gågata, så det kan vere eg tek meg ei lita runde. Men eg får vel ikkje tid-det er så mykje i TV.
Ønsker alle ei god helg!
Scillaen blomstrar.
3 kommentarer:
Det passa fint med margerittar til gullbusken!
De må ta dykk ein tur til Torheim gartneri ute på Torheim. Ei oppleving om våren. www.torheimgartneri.no
Vi var der i fjor i juni.fantastisk når rhododendronen blomstrar.
Legg inn en kommentar